Arkivplan Øygarden kommune 2016 ->

bilde 4

   

ok_toppbanner_nettside

       

 

Ei rekkje øyar, holmar og skjer utgjer Øygarden, heile 500 ved fjære sjø. Kommunen har eit areal på 66 km2 der det høgaste punktet Blomenuten er på 73 m.o.h. Tradisjonelt var kombinasjonen av fiske og småbruk næringsvegen i Øygarden fram til 1960-talet. I dag er kommunen leiande innan havbruk og fiskeoppdrett. Store industrianlegg, Stureterminalen og Kollsnes gassanlegg, gjev kommunen store utviklingsmuligheiter og viktige arbeidsplassar til regionen.

I følge § 2-2 skal alle offentlege organ ha ein ajourført samleplan som vert kalla arkivplan. Arkivplanen skal visa

  • verksemnda sin historikk og organisering,
  • kva arkivet omfattar, dvs. kva slags papirbasert og elektronisk materiale som inngår i arkivet og kva gjenfinningsmidlar som er i bruk og har vore brukt,
  • korleis arkivet er organisert, dvs. korleis arkivmaterialet er ordna og strukturert og korleis det er oppstilt,
  • kva instruksar og reglar som gjeld for arkivarbeidet, dvs. ei oversikt over gjeldande lov- og regelverk samt interne instruksar og
  • dokumentasjon for elektroniske register og databaser.

Hensikta med arkivplanen er at den skal vera Øygarden kommune sitt kvalitetssystem for arkivdanning og arkivforvalting, -eit viktig internt arbeidsreiskap og styringsverktøy.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Øygarden kommune. Alle tilsette på sentralarkiv og sakbehandlare i kommunen er forplikta til å halda seg orientert om arkivplanens innhald, og følgje dei retningsliner og rutinar som planen inneheld.

Oppdatering av planen skal gjennomførast årleg av fagansvarleg for arkiv.

 

oygarden_logo_1