Utskriftsvennlig versjon

Depotordning i Øygarden

Kommunen er etter § 18 i forskrift om arkiv, forplikta til å ha ordningar for arkivdepot for arkiva sine.

Øygarden kommune har vedtatt følgjande ordning for avlevering og handtering av avslutta arkivmateriale i depot;

  • Personregister avleverast til depot hjå IKAH.
  • Sakarkiv, møtebøker, personalmapper, vitnemålsprotokoller o.l. skal oppbevarast i vårt eige depot.
  • Kystmuseet – depot for arkiv frå Herdla og Hjelme kommune.
  • Kystmuseet – depot for privat arkiver i Øygarden kommune.

Arkivdepot sine oppgåver

Arkivdepot har følgjande oppgåver:

  1. Å ta i mot overføringar av eldre og avslutta arkiv.
  2. Å gi arkiva trygg oppbevaring.
  3. Å føre fortløpande register over mottekne arkiv.
  4. Å utarbeide katalogar over arkiva.
  5. Å syte for at kommunale einingar kan låne tilbake eller få kopi av arkivsaker/mappar dei har avlevert.
  6. Gje publikum innsyn i arkiva i samsvar med gjeldande regelverk for innsyn i offentlege arkiv.
  7. Utarbeide spesielle formidlingstiltak retta mot lokalsamfunnet.

Arkivleiar er også depotansvarleg. Depotansvarleg har rett og plikt til:

  1. Å rapportere til Rådmann om verksemda til arkivdepot og leggje fram framlegg om tiltak som skal heve kvaliteten på arbeidet.
  2. Å utarbeide verksemdsplanar for arkivdepotet.
  3. Å gi nødvendig rettleiing til dei arkivskapande einingane som skal avlevere til depotet.
  4. Å føre kontinuerleg kontroll med klima og andre oppbevaringsforhold i arkivlokala.
  5. Å gi rettleiing til publikum og ekspedere førespurnader om innsyn i arkiv.
Laster...