Utskriftsvennlig versjon

Arkiv organisering

Arkivtenesta i Øygarden kommune er organisert med eit felles postmottak og sentralarkiv for alle eininger i kommunen. Lokalisert på rådhuset på Rong.

Alle arkivdeler i sak og arkivsystemet Acos WebSak er pr 01.01.2016 fullelektronisk.

Alle arkiv produsert i fagsystem som Visma PPI, Acos barnevern, Acos sosial, InfoDoc, CosDoc er i dag kategorisert som papirbaserte, sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemidlar i sakshandsaminga og til arkivering. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldende regelverk.

Med tida vert meir av sakshandsaming og arkiva i Øygarden kommune fullelektroniske. Då vert dei elektronisk produserte og lagra dokumenta, dei originale og gyldige versjonar.

Arkivskapere i Øygarden kommune

Følgende arkivskapere skal bygge opp og helde vedlike arkivserier i kommunen;

  • Sentralarkiv
    • Sakarkiv for heile kommunen.
    • GNR/BNR arkiv for Plan og forvaltning (oppmåling, byggjesak, planar)
    • Personalarkiv
    • Møtebøker
    • Kopibøker
    • Offentleg journal
    • Klientarkiv Familiesenter
    • NAV sosial (kommunal)
    • Barnevernsarkiv
    • Brukermapper PPT
    • Klientarkiv Psykisk helse
    • Klientarkiv Friskliv
    • Elevarkiv
    • Mapper på barn i barnehage
    • Avtalearkiv
  • Pleie og omsorg
  • Helsestasjonen
  • Legekontoret
  • Tjeldstø skule
  • Rong skule
  • Toftøy skule
  • Blomvåg skule
  • Øygarden ungdomsskule
  • Vaksenopplæringa
  • Terna barnehage
  • Tjeldstø barnehage
  • Breivik barnehage

Alle arkivskaperer skal vedlikehelda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.

Laster...