Kommunen er etter § 5-1 i arkivforskrifta forplikta til å opprette eige arkivdepot eller delta i eit interkommunalt depotsamarbeid.
Øygarden kommune har vedtatt følgjande ordning for avlevering og handtering av avslutta arkivmateriale i depot;
- Personregister avleverast til depot hjå IKAH.
- Sakarkiv, møtebøker, personalmapper, vitnemålsprotokoller o.l. skal oppbevarast i vårt eige depot.
- Kystmuseet – depot for arkiv frå Herdla og Hjelme kommune.
- Kystmuseet – depot for privat arkiver i Øygarden kommune.
Arkivdepot sine oppgåver
Arkivdepot har følgjande oppgåver:
- Å ta i mot overføringar av eldre og avslutta arkiv.
- Å gi arkiva trygg oppbevaring.
- Å føre fortløpande register over mottekne arkiv.
- Å utarbeide katalogar over arkiva.
- Å syte for at kommunale einingar kan låne tilbake eller få kopi av arkivsaker/mappar dei har avlevert.
- Gje publikum innsyn i arkiva i samsvar med gjeldande regelverk for innsyn i offentlege arkiv.
- Utarbeide spesielle formidlingstiltak retta mot lokalsamfunnet.
Arkivleiar er også depotansvarleg. Depotansvarleg har rett og plikt til:
- Å rapportere til Rådmann om verksemda til arkivdepot og leggje fram framlegg om tiltak som skal heve kvaliteten på arbeidet.
- Å utarbeide verksemdsplanar for arkivdepotet.
- Å gi nødvendig rettleiing til dei arkivskapande einingane som skal avlevere til depotet.
- Å føre kontinuerleg kontroll med klima og andre oppbevaringsforhold i arkivlokala.
- Å gi rettleiing til publikum og ekspedere førespurnader om innsyn i arkiv.
Laster...