Ei rekkje øyar, holmar og skjer utgjer Øygarden, heile 500 ved fjære sjø. Kommunen har eit areal på 66 km2 der det høgaste punktet Blomenuten er på 73 m.o.h. Tradisjonelt var kombinasjonen av fiske og småbruk næringsvegen i Øygarden fram til 1960-talet. I dag er kommunen leiande innan havbruk og fiskeoppdrett. Store industrianlegg, Stureterminalen og Kollsnes gassanlegg, gjev kommunen store utviklingsmuligheiter og viktige arbeidsplassar til regionen. Alle offentlege organ skal til kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert, jfr. arkivforskriften § 4. Arkivplanen skal og vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet. I riksarkivarens forskrift § 1-1 om arkivplan er det beskrevet krav til innhald. Hensikta med arkivplanen er at den skal vere Øygarden kommune sitt kvalitetssystem for arkivdanning og arkivforvalting, -eit viktig internt arbeidsreiskap og styringsverktøy. Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Øygarden kommune. Alle tilsette på sentralarkiv og sakbehandlare i kommunen er forplikta til å halda seg orientert om arkivplanens innhald, og følgje dei retningsliner og rutinar som planen inneheld. Oppdatering av planen skal gjennomførast årleg av fagansvarleg for arkiv.
|