Fagansvarleg arkiv (systemansvarleg) har hovudansvar for tildeling og ajourhald av brukarrettar til registrerings- og arkiveringsfunksjonar.
Ajourhald av brukarrettar:
- Fagansvarleg arkiv har ansvar for at brukarrettane vert ajourhaldne kontinuerleg.
Leiaren har ansvar for at fagansvarleg arkiv vert informert/varsla om
- tildeling av brukarrettar til nye personar i sak/arkivsystemet.
- personar som ikkje lengre skal ha brukarrettar i sak/arkivsystemet.
- endring av ein persons brukarrettar i sak/arkivsystemet.
det kan skje slik:
- ved ny tilsetjing.
- ved endring i stilling som fører til endra rettar i sak/arkivsystemet.
- når tilsette sluttar.
Meldinga skal innehalda:
- Den tilsette sitt fulle namn og stillingstittel.
- Nøyaktig dato for endring av brukarrettar/oppretting av ny bruker/stopp av
- brukarrettar.
- Spesifisering av kva tilganger og rettar den tilsette skal ha, eller evt. stopp av
- tilganger.
- Spesifisering av den enkelte sine rollar, evt. klarering for tilganskodar.
Melding skal sendast pr e-post til Øygarden kommunes postmottak.
postmottak@oygarden.kommune.no
Ajourhald av brukarrettar i sak/arkivsystemet er grunnleggjande for tryggleiken i systemet,
t.d for å sikra at sensitiv informasjon ikkje kjem på avvegar. Tildeling av brukarrettar er difor
leiaren sitt ansvar.
Laster...