Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Velkomen til Øygarden

ok_toppbanner_nettside

 

 

Øygarden er ein kystkommune med nær 4800 innbyggjarar. Kommunesenteret Rong ligg ca. 45 min. i køyretid frå Bergen.

I Øygarden finn du ilandføringsanlegg for olje og gass, store næringsareal og attraktive byggetomter.

Litt historie;

Øygarden kommune vart etablert i 1964, der tidlegare Hjelme kommune og delar av tidlegare Herdla kommune utgjorde den nye kommunen. Fram til 2009 var Tjeldstø kommunesenter. Folket livnærte seg av fiske og småbruk. På midten av 80-talet vart det ført i land olje til Øygarden. Seinare vart det ført i land gass og dette har delvis prega utviklinga i kommunen dei siste åra. Kommunen vart etterkvart landfast noko som førte til ny utvikling og folketalet har auka mykje dei siste åra. Det er attraktivt å bu i Øygarden. Kommunen er ein del av region vest som no utgjer kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.NaturDet vakre landskapet er lavt med havet i vest og Hjeltefjorden i aust. Lyngheiane og bergknausane er vakre å sjå til, mot det blå havet i vest. Du kan og finna våtmyrer og fine skogsstiar. Når ein køyrer over Rongesundet bru vert utsynet over havet og naturen spektakulært. Det høgaste punktet i Øygarden er Blomenuten med sine 73 meter over havet. Regionsamarbeid Regionrådet Vest er eit rådgjevande og koordinerande organ for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Regionrådet skal fremja forpliktande samarbeid mellom kommunane og vidareutvikling av regionen. Dei fire kommunane i vest har geografisk nærleik til kvarandre og representerer ein region med eit rikt mangfald, stor vekst og eit variert næringsliv med styrke og kompetanse på industri, energi og marin næring. Kommunane har ei rekkje felles oppgåver og utfordringar i tida som ligg framfor. Kystmuseet i Øygarden som ligg i Ovågen fortel kommunen sin historie, og tilbake før Øygarden vart etablert.

 

kystmuseet allsang 2013

solnedgang Benkjena

natur 4

bilderådhus

 

 

       

                                                

Lenker til nettsider med informasjon og historie om Øygarden kommune;

Øygarden kommune si heimeside

Kystmuseet si heimeside

Øygarden kommune på Wikipedia

Lenke til Store Norske leksikon

Laster...