Arkivtenesta i Øygarden kommune er organisert med eit felles postmottak og sentralarkiv for alle eininger i kommunen. Lokalisert på rådhuset på Rong.
Alle arkivdeler i sak og arkivsystemet Acos WebSak er pr 01.01.2016 fullelektronisk.
Alle arkiv produsert i fagsystem som Visma PPI, Acos barnevern, Acos sosial, InfoDoc, CosDoc er i dag kategorisert som papirbaserte, sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemidlar i sakshandsaminga og til arkivering. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldende regelverk.
Med tida vert meir av sakshandsaming og arkiva i Øygarden kommune fullelektroniske. Då vert dei elektronisk produserte og lagra dokumenta, dei originale og gyldige versjonar.
Arkivskapere i Øygarden kommune
Følgende arkivskapere skal bygge opp og helde vedlike arkivserier i kommunen;
- Sentralarkiv
- Sakarkiv for heile kommunen.
- GNR/BNR arkiv for Plan og forvaltning (oppmåling, byggjesak, planar)
- Personalarkiv
- Møtebøker
- Kopibøker
- Offentleg journal
- Klientarkiv Familiesenter
- NAV sosial (kommunal)
- Barnevernsarkiv
- Brukermapper PPT
- Klientarkiv Psykisk helse
- Klientarkiv Friskliv
- Elevarkiv
- Mapper på barn i barnehage
- Avtalearkiv
- Pleie og omsorg
- Helsestasjonen
- Legekontoret
- Tjeldstø skule
- Rong skule
- Toftøy skule
- Blomvåg skule
- Øygarden ungdomsskule
- Vaksenopplæringa
- Terna barnehage
- Tjeldstø barnehage
- Breivik barnehage
Alle arkivskaperer skal vedlikehelda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.
Laster...