Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Arkivkatalog Herdla og Hjelme kommune

Øygarden kommune vart skipa i 1964, der Hjelme kommune og ytre delar av Herdla kommune utgjorde den nye kommunen.

Arkivkatalog - Herdla kommune

Denne katalogen gjev oversikt over innhaldet i arkivet ettter Herdla kommune i tidsrommet 1871-1963. Berre unntaksvis er det registrert nokre få arkivstykke før1871 og etter 1963, slik at dei endelege ytteråra er 1861-1993. Dette er særleg
skuleprotokollar / dagbøker frå ymse skulekrinsar, som etter 1964 skulle vore registrert under Øygarden kommune.
Det meste av arkivet vart i 1993 henta inn frå Øygarden kommune av Interkommunalt arkiv i Hordaland for ordning og registrering. Resten har kome til etter kvart, og endeleg registrering vart sluttført hausten 2003. Arkivet er registrert i
tekstbehandling. Arkivlister over den enkelte arkivskapar, arkivseriar og arkivstykke med ytterår ligg no føre. Fysisk storleik for arkivet er 24 hyllemeter Storparten av arkivet vart ordna i tidsrommet 1994-1995 av arkivkonsulent
Jorunn Dobbe, og førebels arkivkatalog vart utarbeid. Tilvekst til arkivet som er kome inn etter den tid er ordna og registrert av arkivkonsulent Åse Eikemo Strømme, som også har redigert den endelege arkivkatalogen slik den her ligg føre.Arkivet er plassert i Øygarden kommune sitt arkivdepot i Kystmuseet i Øygarden.Informasjon :
Utdraget frå arkivkatalogen inneheld ein introduksjon til bruk av arkivkatalogen samt eit generellt administrasjons-historisk oversyn og ein generell arkivomtale for dei fleste arkivskaparane som finst i kommunearkiva. Det er samstundes teke med noko omtale og oversyn over kva som er funne av arkiv etter desse i Herdla kommune. 
 
 Arkivkatalogen (vert opna i eige vindauge);

http://www.ikah.no/wp-content/uploads/kataloger/Herdla.pdf

Arkivkatalog - Hjelme kommune

Denne katalogen gjev oversikt over innhaldet i arkivet etter Hjelme kommune i tidsrommet 1910-1963. Berre unntaksvis er det registrert nokre fåe arkivstykke før 1910 og etter 1964, slik at dei endelege ytteråra for arkivet er 1882- 1969.
Arkivet har tidlegare vore plassert i Øygarden kommune. Det vart i 1993 henta inn av Interkommunalt arkiv i Hordaland for ordning og registrering.Ordninga av arkivet har føregått i mai/juni 2000. Arkivlister over den enkelte arkivskapar,
arkivseria ne og arkivstykke med ytterår ligg no føre. Arkivet er registrert i tekstbehandling. Totalt er det ordna og registrert om lag 6 hyllemeter.Arkivkonsulent Åse Eikemo Strømme ved Interkommunalt arkiv i Hordaland har stått
for ordninga og registreringa, og har utarbeidd den endelege arkivkatalogen slik den her ligg føre.Informasjon :
Utdraget frå arkivkatalogen inneheld ein introduksjon til bruk av arkivkatalogen samt eit generellt administrasjons-historisk oversyn og ein generell arkivomtale for dei fleste arkivskaparane som finst i kommunearkiva. Det er samstundes teke med noko omtale og oversyn over kva som er funne av arkiv etter desse i Hjelme kommune. 
 
 
Arkivkatalogen (vert opna i eige vindauge);

http://www.ikah.no/wp-content/uploads/kataloger/Hjelme.pdf

Innbundet arkivkatalog på Kysmuseet og Øygarden rådhus.

Laster...