Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Velkommen til Fjell kommune

Frå storby til storhav

Fjell kommune, det moderne og pulserande øysamfunnet rett vestom Bergen, omlag 25 000 innbyggjarar, raskt veksande bustad- og industriområde og eit innhaldsrikt kommunesenter på Straume. Arealet på 147 km2 er fordelt på nordre delen av Sotra, Bildøyna, Litlesotra og meir enn 500 store og små øyar, holmar og skjer.

Kommunen har fastlandssamband til Bergen, stor tilflytting og eit ekspansivt næringsliv bygt på olje, teknologi og service. Kystbasen CCB og Ågotnes Industriområde er Vest-Noregs viktigaste senter for service og forsyningstenester til olje- og gassverksemda i Nordsjøen.

naustmiljo

Hissøyna

CCB

Oversikt ccb

Sartor

Sotrabrua

 

Vekstkommunen i vest

Fjell er ein nærings- og tilflyttingsvennleg kommune, og menneske og verksemder trivst og blir verande. Dei kommunale tilboda er der folk bur. Vi har i dag 16 grunnskular, kulturskule, vaksenopplæring og vidaregåande skule. Våre to tusen barn under seks år kan velja mellom ni kommunale og nær 30 private heildags- og korttidsbarnehagar. Helse- og omsorgstilbodet omfattar to store legesenter og moderne, lettstelte bustader for den som treng hjelp til det daglege. Eit mangfaldig foreinings- og kulturliv - med idrettsanlegg, symjebasseng og fotballbaner, lokale kulturbygg, kystkultursenter og tre kyrkjer - legg til rette for kulturelle møtestader og sosiale nettverk.

Rådhus

Bhg

Skule

Kyrkje

Terapibasseng

Laster...