Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Rutinar i oppseiingsperioden

Når ein tilsett seier opp stillinga si, skal dei innen siste arbeidsdag ferdigstille alle dokument som dei har under arbeid. Innkomne dokumet som ikkje er behandla, må overførast til annan sakshandsbehandlar for vidare saksbehandling. Arkivet må få melding om saker som er ferdig behandla, for å få saka avslutta både i ePhorte og fysisk i papirarkivet. Den tilsette og leiar på avdelinga har ansvar for at dette blir følgt opp.

Personalhandboka - oppseiing

Oppseiinga skal vere skriftleg, jf. aml.  § 15-4 (1). Arbeidstakaren treng ikkje å grunngi oppseiinga.

Oppseiing frå ein arbeidstakar bør bli stadfest skriftleg av arbeidsgivaren. I svarbrevet bør tidspunktet for når arbeidstakaren går frå stillinga, gå fram, og ein kan eventuelt avtale praktiske forhold som avvikling av ferie i oppseiingstida, innlevering av utstyr eller liknande.

Ei oppseiing frå arbeidstakaren er i utgangspunktet bindande for begge partar. Det er ingen "angrerett".

Unntaksvis kan likevel arbeidstakaren einsidig trekkje attende oppseiinga. Føresetnaden er at det ligg føre særlege grunnar som tilseier at tilbakekall er rimeleg, at arbeidsgivaren ikkje har innretta seg etter oppseiinga, og at det har gått kort tid sidan oppseiinga blei levert.

Arbeidstakaren er i utgangspunktet bunde til å arbeide i heile oppseiingstida med mindre noko anna blir avtalt med arbeidsgivaren.

Laster...