Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Organisering av arkivtenesta

Fjell kommune er eit arkivorgan med ei felles arkivteneste. I Fjell kommune vert arkivmynden utøvd av servicetorgsjefen på vegne av kommunestyret, jfr arkivforskriftenes § 1.

På Fjell rådhus ligg sentralarkivet for samtlege einingar i Fjell kommune. Dokumentsenteret handterer post og arkivtenester for dei fleste einingar og avdelingar.

Frå 01.01.2017 vart saksarkivet i kommunen fullelektronisk. Alle fagsystema har papirbasert arkiv. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldende regelverk.

Arkivskaparar i Fjell kommune

Følgjande arkivskaparar skal bygge opp og vedlikehalde arkivseriar i kommunen;

  • Sentralarkiv
    • Sakarkiv for heile kommunen.
    • GNR/BNR arkiv for Plan og forvaltning
    • Personalarkiv
    • Møtebøker
    • Kopibøker
    • Offentleg journal
    • Barnevern
    • Sosialtenesta, NAV
    • PPT
    • Psykiatrisk team
    • Kommunepsykologar
    • Rask psykisk helsehjelp
    • Pleie og omsorg
    • Ergo-/fysiotenesta
  • Helsestasjonen
  • Legekontoret
  • Alle kommunale barnehagar og skuler

 

Alle arkivskaparar skal vedlikehalde arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.

Laster...