Øygarden kommune er organisert med to organisasjons- og fullmaktsnivå (to-nivå modell). Fullmaktnivå 1 gjeld kommunalsjefane og fullmaktnivå 2 gjeld leiarar av tenestestadar/einingar.
Organisasjonskart for tenesteområda finn ein på heimesida til Øygarden kommune under organisasjonskart.
https://www.oygarden.kommune.no/politikk-og-organisasjon/organisasjon/organisasjonskart/
Omorganisering etter kommunesamanslåing
Etter kommunesamanslåing 01.01.2020 har kommunen hatt fleire omorganiseringer.
- 2024 - Kommunalsjefsområde Oppvekst vart frå 01.01.2024 omorganisert med inndeling i 3 tenesteområder mellom kommunalsjefsnivå og einingane - Skule, Barnehage og Barn/Familie. Ny eining Ungdomstenesta. PPT endrar namn til PPR.
- 2023 - kommunalsjefsområdet HR og organisasjon endre namn til HR, organisasjon og samfunnssikkerheit. Brann og redning KF vert nedlagt som KF frå 01.04.2023 og vert ein del av HR, organisasjon og samfunnsikkerheit.
- 2023 - kommunalsjefsområde kultur og samfunn vert oppretta ein ny eining - Eigedomsutvikling og gjennomføring
- 2022 - kommunalsjefområdet for Økonomi og organisasjon vert delt i to med eín leiar for HR og organisasjon og eín leiar for finans og økonomi. Dei tenesteytande områda (Oppvekst, Helse og velferd og Kultur og samfunn) vert framleis leia av kvar sin kommunalsjef.
- 2021 - Nytt kommunalsjefsområde - Økonomi og organisasjon
- Nedlagt - Kommunalsjefsområde organisasjon og digitalisering
- Nedlagt - Kommunalsjefsområde økonomi
Inndeling på adm. enheter i det digitale arkivet - sak-/arkivsystem vert påverka av dette. Funksjoner/oppgåver er og flytta på mellom einingar.
Laster...