|
Fjell vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Fram til 1917 var namnet på heradskommunen Fjeld, då vart det ved kongeleg resolusjon av 03.11.1917 endra til Fjell. Ved kommunesamanslåinga i 1964 vart Fjell kommune utvida med Turøy og Misje då Herdla kommune vart nedlagt. Fjell kommune ligg i Hordaland fylke på øya Sotra og fleire mindre øyar, og har fjordane som naturlege grenser mot omkringliggjande kommunar, bortsett frå grensa mot Sund kommune i sør, som også ligg på øya Sotra.. Fjell grensar mot Nordsjøen og havet i vest, mot Øygarden kommune i nord, mot Askøy kommune i nordaust, og mot Bergen kommune i aust. Fjell vart eige prestegjeld i 1813, men i 1837 låg inntil vidare Fjell sokn under soknepresten i Sund prestegjeld og Askøy sokn under presten i St. Jørgens Hospital i Bergen. Askøy sokn låg i eit anna tinglag enn hovudsokna Fjell i Fjell prestegjeld, og formannskapslova for landet § 1 pkt. 4 gav heimel for opprettelse av Askøy som eige formannskapsdistrikt. Fjell sokn i Fjell prestegjeld vart eige formannskapsdistrikt. Etter § 40 i formannskapslova om amtsformannskap skulle "samtlige Ordførere for Formændene i ethvert til eet Amt henhørende District samles med Amtmanden og Fogderne, for at (....) Første møte vart halde i Søndre Bergenhuus Amtformandskab den 23. juli 1839, og frå Fjell sokn møtte ordførar Niels Arefjord. Om stemmeavgjeving i amtstinget seier Formannskapslova av 1837 § 52 mellom anna at "Saafremt der i Amtet er noget Formandskapsdistrict, som ikke udgjør et heelt Præstegjeld, eller som har et mindre Antal end 50 efter Grunnloven stemmeberettigede Indvaanere, regnes ved Stemmetællingen den fra et saadant District mødende Formands Stemme kun for en halv. " Møteboka frå amtsformannskapet av 23.07.1839 viser at " Med hensyn til bestemmelsen i formandlovens 52 § blev det eenstemmig besluttet, at Ordførerne for (...) Fjelds sogn (...) kun tillægges hver en halv Stemme i forsamlingen." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland, til liks med resten av landet. Deler av Herdla kommune vart lagt til Fjell, slik det går fram av kgl.res. av 05.07.1963 nedanfor: " om at dei endringane i inndelinga for kommunane Herdla, Hjelme, Meland, Sæbø, Askøy, Hamre og Fjell i Hordaland fylke som vart vedtekne ved kongeleg resolusjonar av 7. september 1962 og 1.februar 1963, jfr. stortingsvedtak 15. mai 1963, vert gjennomført frå 1. januar 1964. (......) Til Fjell kommune vert lagt: Misje og Turøy frå Herdla kommune. Kjelder:: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Norsk lovtidende / Departmentstidendenedende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) Møtebok for Amtformannskapet 1839 Periode: 1838 I 2020 vart Fjell og Sund kommune slått saman med Øygarden til nye Øygarden kommune. Samanslåing var ein del av ein landsomfattende kommunereform. Sakarkiv, møtebøker, kopibøker m.m. er deponert til Interkommunalt arkiv i Hordaland. Personregistre siste 10 år er på dokumentsenter på Rong (elevmapper, PPT mapper m.m.) Lenke til Arkivportalen - Arkivkatalog over deponert arkivmateriale frå Fjell kommune |