Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Avlevering papirarkiv til dokumentsenter

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

I Øygarden kommune er det berre personregistre som ikkje er avlevert til dokumentsenter.

Før avlevering til dokumentsenter skal mapper vere rensa for store stifter, binders, plastmapper og post-it lapper. Mapper skal arkiverast i godkjente arkivboksar. Arkivboksar kan hentast på dokumentsenter på Rong eller på pakkerom på rådhus. Arkivboksar skal berre merkast med gråblyant. Vert merka med arkivskaper (til dømes namn på skule), kva type arkivserie (til dømes elevmapper), boksnr (1 av...) og fødselsår/namn pr boks. Mapper vert ordna alfabetisk eller etter fødselsdato. Same ordning som når mappene var aktivt i bruk.

Dokumentsenter har ansvar for listeføring etter mal frå Interkommunalt arkiv i Hordaland. Arkivliste skal arkiverast i sak-/arkivsystem WebSak.

Ved avlevering skal dokumentsenter fylle ut avleveringsskjema (skjema er på postrom). Skjema vert journalført i WebSak.

Terna bhg avlevert arkiv

ØUS avlevert arkiv

Tussetjødna bhg avlevert arkiv